Emner til tredreiing.

Korleis finne gode emner til tredreiing.

Stort spørsmål, eg vil her gi mine erfaringar og råd:

Kva er gode emner? Kva er brukande, og kva er ubrukeleg?

Tørking, oppbevaring – det er tema her.


Først. : Finn deg ein tresort du trivest med. Samle på enmer i denne sorten.

Gjerne ein tresort som veks lokalt, og som du har tilgang til innimellom.

Eg høgg skjelden trer for å ha dei til emner. Det er alltid litt nedfall om haustane og vintrane.

Ver om deg når stormen har lagt seg. Du får gjerne tre hos naboen om du hjelper til med å rydde.

Sjekk opp kva dei gjer med trefelling i nermaste by. Dei har mange fine park-trer som må vike for utbygging frå tid til annan. Ofte føler dei det som ei hjelp at andre tek unna treverket.


Enkelte kuttar opp trestammane i korte bitar og tilbyr dei som dreieemner. Dette er ubrukelg som emne om du ikkje dreier det som rått virke umiddelbart. Det sprikk etter ein dag i sola.

Få gjene heile stammen. Ta ein bit om gangen, og dekk til endeveen med plast. Då kan ein stamme levere brukande emner lenge. Han må ligge i skyggen, gjerne på ein litt rå plass. Då tørkar han sakte. Kanskje får du nokre fine sopp-påverka emner til slutt.


Gode emner:


Ask. Eg har lagt min elsk på ask. Utruleg variert, frå heilt lyst til gult, brunt, kan vera grå, og ender opp i svart. Tydelige årringar. Fin struktur. Stondo vert det krøll på årringane. Då får ein noke som vert kalla «Olive Ash». Asken er no trua, kjem snart på raud-lista pga ein sopp epedemi.


Eik. Hardt materiale. Du skal ha gode redskaper for å arbeide med eik. Veg rådreiing vert det ein reakjson mellom stål og syra i treet. Alt blir svart. Det vert majestetiske skåler til slutt.


Alm. Skjelden, fin dreieved. Store tydelige årringar. Kan bli store emner.


Bjørk. Fin dreieved. Lett å dreie i. Litt lite variasjon i farge og struktur, ingen tydelige årringar. Kompenser med å lage skåler med fin fasong. «Svarvulf» dreier utruleg fine skåler i bjørk.

Kan bli dine teikningar i treverket ved å la bjørka «surne» før dreeing.


Furu. Fin til det meste. Mest til centerdreiing. Store emner med al-ved kan bli fine skåler.


Frukttre. Fin dreieved, fint fargespel. Vrir seg og sprekk ved tørking. Blir ofte skuff med ei sprukken skål. Tørk heile stammen eit år eller to. Og så grovdrei. Skal du tørke heile stokken tvers igjennom tek det gjerne 10 år. Kven har 10 år til venting?

Men er du heldig og dyktig kan det bli fine skåler. Kirsebær oppfører seg bedre enn dei andre.


Brake. Nydelig ved å dreie i. Tydelig kjerneved. Fine kvistar. Luktar godt. Små emner.


Elendige emner:

Gran.



Arne Bakke

Tredreiar.

Kommentarer

Populære innlegg