Historien om ein tredreiar

I min barndom hadde me eit flott og stort morelletre i hagen. Eg huskar at me klatra i det, og plukka søte moreller. Kanskje treet ikkje var så stort, men at gutten var liten treet føltes enormt.

Etter ein vinterstorm låg det overende. Han som var snikkar her, Nils med Garden, kom seinare med ein mortar til mor mi som han hadde laga av dette morelletreet. Den var eg fasinert over. Korleis hsdde han laga den? Eg har mortaren enno, riktig fin. Dreia på ein gammal trøbenk.


Eg vaks opp på 1960-talet. Då var Norge rekna som eit av dei fattigaste landa i Europa. Men likevel hadde dei råd til sløydlærar i barneskulane. Det var redninga for ein som meg. Eg såg fram til sløydtimane heile veka. Idag har dei so fine diagnosar på dei som ikkje kan sitje iro. Dengong heitte det at me hadde « makk i ræva». Sløydtimane var redningen.

Omreisande sløydlærar Einar Golten lærde oss å bruka kniv, høvel, sag og stemjern. Og han lærde oss å kjenna og verta glad i tresortane. Me hadde kvars ein liten høvlebenk. Lærde oss å pussa fint, og vera nøye på detaljane. Han gjorde oss glade i trearbeid. - Men dreiebenk hadde me ikkje.


Då eg var omlag 13 år kjøpte far min ein god og solid dreiebenk, laga på ein lokal yrkesskule av Karsten Elias.

So var det å prøva. Ingen dreiejern, ingen riktige emner. Ingen Chocks, Ingen instruksjon.

Det vart prøving og feiling. Dreiejerna vart gamle utgåtte filer, slipt på eit vis. Eit og anna høggjern.

Dreiebenken hadde 3 hastigheter : passe, fort og veldig fort.

Det gjekk so flisa fauk. Av og til fauk emnet også. Fint vart det ikkje, endå det ser så enkelt ut.


Omsider fekk eg til litt dreiing mellom centerspissane.

So skulle eg avansere over på skåldreiing.

Korleis finne eit nokonlunde stort, tørt emne uten sprikk? Nesten umulig. Det vart å lime saman høvla plankar av furu. Å få skåla fast i benken var enkelt, berre å skru tast til ein av dei to flensane som følgde med. Dreiing etter skrapemetoden med gamle filer, deretter pussing til ein var heilt nedstøva. Og so kom det største problemet: korleis snu skåla og hule ut, og dreie på innsida?

Etter mykje prøving og feiling med lim og skruar som ikkje etterlet seg so vakre spor traff eg syskenbarnet mitt, Helga Kambestad i Odda. Ho hadde gått på lærarskule og skulle bli sløydlærar.

Eg forklarte problema mine for henne, og spurde om råd.

Det var enkelt sa ho. : «Du tek eit trestykke og fester det til den eine flensen. Det dreier du flatt, og lager ei fordjupning til stetten på skåla. Fordjupninga må vera konisk, ca 2 graders vinkel (altså nesten ingenting). Deretter fester du skålemnet til den andre flensen og dreier skåla først ferdig utvendig. Stetten må også vera konisk, med motsatt vinkel som på fjøla, og passe NØYAKTIG til forsenkinga i den andre plata.» - Dette var første gong eg fekk litt instruksjon.


Heim og prøve. Første skåla fauk i taket, andre i veggen; den tredje : rett i taket, so rett ned att og traff handa som låg over dreiejernet. (sidan har eg halde på undersida av dreiejernet).

Etterkvart fekk eg skåla til å henge, og med øving hang det godt også. Metoden virka. I tillegg gir den ingen synlege merker på skåla. Eg brukar metoden enno – 50 år seinare.


Neste kvantesprang var oppdaginga av skjærmetoden. To svenskar, Sundqvist og Gustafsson, hadde skreve ei bok som heitte «Träsvarving enligt skärmetoden». Der forklarer og illustrerer dei korleis ein tenkjer på dreiejernet som ein kniv. Ikkje skrape vekk treverket, men smi det vekk. Når denne metoden er innøvd kan du legge bort samdpapiret nesten for godt. Tenk å dreie uten å lage støv.


Eg har fleire barn, og om kveldane skulle alle aktiviserast. Då var det ned i naustet og arbeide med tre. Det vart dreia, snikra og laga kassebilar etc. Alle fekk prøve seg på dereiing. Eg hadde då også kjøpt ein mindre dreiebenk på brukt.marknaden, so me var mange i sving. Gutar og jenter.


På ei utstilling i regi av Husflidlaget på Sotra vart eg spurd om å demonstrere tredreiing.

Der var også Signar Kristoffersen. Han var komen mykje lengre enn meg i faget. Eg lærde mykje teknikk av han. Mellom anna å lima fast små emner med limpistol. Dette var ein super metode for hurtig oppstart. Til dømes om kveldane i naustet.


I Odda var det eit mykje større miljø for tredreiing enn her ute. Fleire flinke meistrar der. Me besøkte ein gong verkkstaden til Lars Stana. Han delte også ut mange gode tips. Mellom anna : «Drei våte emner, før dei sprikk! Grovdrei skålene, kast dei i sponhaugen under dreiebenken og gløym dei eit halvt års tid!» Nokre sprikk, mesteparten ikkje. Dei berre deformerer seg. Spenn dei opp att og gjer findreiing. Då held dei seg runde etterpå og.

Der gjorde kona mi Ruth eit grep: Ho gjekk inn att og kjøpte ein flott Robert Sorby bolleskulp som eg hadde sett lenge på. Dette var laga av High Speed Stål, og var noke heilt nytt for meg.

Det vart ein revoluosjon. Særlig etter at eg oppdaga «finger-nail» slipinga.

No kunne eg dreia ask og eik med kvasse jern utan å måtta slipe jerna heile tida.


Ei anna inspirasjonskjelde kom via tidskrifter. Øgreid i Stavanger var agent for eit engelsk firma (Craft) som selde alt innen tredreiing. Frå emner til dreiebenkar. Her var mykje å lære, og dette utvida horisonten. Eg såg at tredreiing var mykje større i både England og USA. Eg hadde trudd at dette var ein utprega Skandinavisk tradisjon.


Etter alt som er sagt her no, so ynskjer eg at unge, og vaksne med, skal få ta del i dette trearbeidet.

Dei skal sleppe å måtte prøve og feile den minste lille ting. Eg vil gjerne at dei som ynskjer skal få rettleiing, kurs og bedømming av arbeida sine. Og finne glede i trearbeid.

Med litt veiledning blir det so mykje lettare og kjekkare.


Dei fire siste åra har barnebarn Arn kome ein kveld i vaka og lært seg å dreie.

Han er blitt veldig flik, og ser ut til å like arbeidet og utfordringane.

Siste året fekk han også selt ein del på julemesser han deltok på.

Det gleder eit dreiehjerte.


Ein artig kommentar til slutt: Ein kveld kom kokken på Glesvær Kafe innom dreieverkstaden. Då var også dotter mi, Anne der. Ho hadde kommentarer og synspunkter på dreiinga, og det utløyste følgande spørsmål frå kokken: Kan du dreie då? Ja, svarte Anne, det var ei del av oppdragelsen vår det, sa ho.



Arne Bakke

Tredreiar

Kommentarer

Populære innlegg